Ungdom er i dag på nett døgnet rundt, og dei nye mobiltelefonane gjer at dei ikkje lenger er avhengige av PC for å nytte internett.
Ei ny undersøking frå Statistisk Sentalbyrå Norsk Mediebarometer [1] , viser at bruken av media stadig aukar, og at auken er størst blandt personar i aldersgruppa 9-15 år. Undersøkinga viser og at i løpet av ei gjennomsnittsveke hadde 76 % av gutane i alderen 9-15 år spelt spel på internett, medan andelen for jenter var 57 %. For jenter i alderen 16-24 år hadde 91 % vore inne på eit nettsamfunn, medan det for gutar på same alder var andelen 90 %. Dette viser at det skjer ei endring i den rituelle bruken av IKT når dei unge når vidaregånde skule; elevane blir meir opptekne av sosiale medium. Kva konsekvensar får det for oss som lærarar som skal undervise og for elevane som skal motta undervisninga? I kva grad bør vi til dømes ta i bruk sosiale media i skulekvardagen?

På Vestlandsrevyen 7.11 i år var det eit innslag som handla om bruk av Facebook som eit verktøy i undervisninga. Ein språklærar ved Firda Vidaregåande skule fortel her om at ho har oppretta ei Facebook-gruppe som ho brukar til å kommunisere med elevane med. Elevane meiner at dette er positivt, blant anna fordi Fronter er tungvint og at dei mykje oftare er på Facebook enn Fronter. Lektorlaget i Sogn og Fjordane er også intervjua, og deira talskvinne meiner at ein bør halde seg til Fronter fordi det er eit pedagogisk tilrettelagt verktøy, i motsetnad til Facebook som er ein privat og kommeresiell kanal. Denne diskusjonen trur vi er svært aktuell, og slik det er i dag er det opp til kvar enkelt lærar å ta dette valet.

Vestlandsrevyen 7.11.JPG
Vestlandsrevyen 7.11.2012: "If you can't beat them, join them!"


Arne Krokan som er professor i digital økonomi ved NTNU skriv om bruk av Facebook i undervisninga i eit innlegg på bloggen sin: "Hvorfor sosiale medier i skolen". Han meiner at ein bør bruke sosiale media i skulen, og skriv blant anna at: "det er en unnlatelsessynd, vi som lærere har ikke noe valg når vi faktisk er skolens viktigste ledere av elevenes læreprosesser". Krokan meiner at ved å ta i bruk sosiale medium og nettbaserte tenester som Google+ og delicious vil få meir variasjon i læringsprosessane og gjere skulen meir interessant for elevane.

Men er dei lærere som ikkje er på Facebook mindre gode lærere? Det kan vere ulike årsaker til at lærarar vel å ikkje ta i bruk sosiale medium og nettbaserte tenester. Ei årsak kan vere at vi som lærarar opplever at elevane sin bruk av PC i skulen ofte fører til forstyrring av undervisninga. Elevane er ofte inne på sosiale nettsamfunn som Facebook i undervisningstida, til stor frustrasjon for lærarane. Då kan det kanskje verke ulogisk å be elevane om å bruke Facebook enno meir ved å bruke Facebook som ein del av undervisninga. Ein annan ting er at skulane allereie har sitt eige verktøy,i vårt tilfelle Fronter, som dei brukar som læringsplattform. Det kan kanskje verke som ei undergraving av Fronter og vårt ønske om at elevane skal ta i bruke dette verktøyet meir aktivt. Ei tredje årsak til at lærarar vegrar seg mot å bruke sosiale medium og nettbaserte tenester kan vere at dei ikkje føler at dei har nok kompetanse på området. Om ein sjølv ikkje er deltakar på sosiale medium og i liten grad kjenner til kva verktøy som kan vere nyttige, er det ikkje rart at ein held seg til det meir tradisjonelle.

Vi meiner at bruken av sosiale medium og nettbaserte verktøy kan vere med på å gjere undervisninga meir variert, lærerik og interessant. Ved å ta i bruk elevane sin rituelle IKT-kompetanse i skulen kan ein knyte band mellom fritid og skule som kan skape meir motivasjon og gje elevane viktig kompetanse for skulegangen og for framtida. Vi må innsjå at PC er tatt i bruk på skulen og kjem til å bli der. Skulen må derfor innrette seg etter dette og finne høvelege løysningar og lage felles retningslinjer for bruken. Ein annan ting som er viktig i denne samanhengen, er etterutdanning av lærarar. Vi må ikkje sakke akterut i forhold til elevane sin IKT- kunnskap, og vi vere villege til å sjå bruken PC som ei moglegheit og ikkje eit problem.


Ein annan konsekvens av endra medievanar er at dagens ungdom er blitt veldig god på multitasking; det blir stadig vanligare å bruke sosiale medier som tv, mobil, muskikkspelara og pc samtidig. Men det fungerer dårleg om ein multitasker samtidig som ein skal lære noko. Undersøkelser viser at om man skal forsøke å dele oppmerksomheita mellom fleire informasjonskilder samtidig, er sjansen for at du oppfattar ting dårlegare.Ein undersøkelse på Forskning.no viser dette Forskining.no
Derfor kan unødig bruk av PC i undervisninga være forstyrrande, både for elev og lærar.
Dagens ungdom skal om nokre år ta over jobbmarknaden. Undersøkelser viser kva for konsekvensar multitasking har å sei for produktiviteten på arbeidsplassar Hjernespinn Med den aktiviteten dagens ungdom har på sosiale medier i dag, kan vi vel ikkje rekne med at det blir noko mindre i framtida? Å multitaske er spesielt vanskeleg for dei elevar som er fagleg svake. Dei fagleg sterke elevane vil takle det å styre med fleire ting samtidig.
Filmen under fortel om elevane sine synspunkt på bruk av pc i skulesamanheng. Nokre meinar bestemt at dei har full kontroll sjølv om dei nyttar PC til nettsamfunn samstundes som undervisning blir gitt.



Kva konsekvensar får den endra mediebruken blant ungdom? Om ein skal prøve seg på ein konsekvens-analyse av dette må ein nesten dele det i skule-bruk og fritidsbruk. Når det gjeld ungdoms fritidsbruk av PC meinar nokre at vi vil få ungdom som blir inaktive, late, isolerte og ensomme, avhengige av sosiale medier?
Ein professor var nyleg ute på radio og kalte dette "PC- dop", ungdom blir like avhengig av dette som dop i form av narkotika." Utsettelse-syndrom" er eit nytt begrep som omtalar ei økande gruppe av ungdom, dei utset skulearbeid, dei kjem aldri i gang eller klarer ikkje å ferdigstille prosjekt. Kan ein anta at sosial medier stjel den tida dei skulle ha brukt på skulearbeidet, dei skal bare surfe litt til, bare sjekke status på Face ein gang til?
Den britiske nevrologen og professoren ved universitetet i Oxford Susan Greenfield er bekymret for utviklinga til dagen ungdom. Ho har uttalt at " endringane i hjernas utvikling vil gå ut over den komande generasjons sosiale intelligens, samspillet mellom mennesker, evnen til meir abstrakt tenkning og evnen til å sjå ting i ein annan samanheng og over tid"[2] Tanken på ei slik utvikling er trist. Dei voksne, både lærara og foresatte, må saman finne løysningar for å unngå dette for den komande ungdom. Som tidlegar nemt her kjem PC - bruken med alle sine moglegheiter aldri til å bli reversert, det er derfor opp til skulevesenet å finne høvlege muligheiter og løysningar for forsatt å kunne bruke PC i skulen.
  1. ^






    http://www.ssb.no/vis/emner/07/02/30/medie/art-2012-03-20-01.html
  2. ^

    Type the content of your reference here.
    http://www.aftenposten.no/digital/nyheter/--Nettsamfunn-kan-barnliggjore-hjernen-6611534.html.