I dagens samfunn har informasjons- og datateknologien blitt ein del av kvardagen, både i jobbsamanheng og privat. Som ei følgje av dette har også skulen si rolle blitt endra og vi skal i dag utdanne elevar som er digitalt kompetente. Nokre vil nok hevde at elevane våre allereie er digitalt kompetente, og at mange av dei til og med har meir kunnskap på dette området enn det vi lærarar har. Dagens barn og unge har nemleg god tilgang til Internett både gjennom bruk av datamaskiner, smarttelefonar og nettbrett av ulike slag, og dei brukar mykje tid på nettet. Men sjølv om elevane har mykje erfaring både med spel og sosiale medium så er dette såkalla «rituell bruk», ein bruk som er prega av vanar som å sjekke Facebook og å oppdatere seg på bloggar og nyhende som interessere dei, og planlaus surfing med underhaldning som viktigaste formål (Krumsvik:240)[1] .
I Kunnskapsløftet som blei innført i 2006 blei det å kunne bruke digitale verktøy rekna som ei av dei fem grunnleggjande ferdigheitene på lik linje med det å kunne lese, skrive, rekne og uttrykkje seg munnleg. I samband med revisjon av læreplanane i norsk, matematikk, engelsk, naturfag og samfunnfag endra Utdanningsdirektoratet i 2012 omgrepet «å bruke digitale verktøy» til «digitale ferdigheiter [2] . Bakgrunnen for denne endringa var at ein i større grad ønskte å vektleggje haldningar, forståing og kommunikasjon i forhold til bruk av digitale verktøy som er i rask endring.
Utdanningsdirektoratet har også utarbeidd ei oversikt over kvar av dei fem grunnleggjande ferdigheitene. Kvar ferdigheit er definert og ein har også skissert progresjonen i fem nivå.
Dei fem områda som Utdanningsdirektoratet har delt digitale ferdigheiter inn i er:
- tileigne og behandle
- produsere og omarbeide
- kommunisere
- digital dømmekraft
I tillegg er kvart område delt inn i nivå, sjå figur under.
Kan vi i framtida få digitale skiller i samfunnet, der dei som ikkje meistrer å dra nytte av tilgangen til Internett stiller svakare på arbeidsmarknaden og i dagleglivet? Bør det ikkje i så tilfelle også vere eit foreldreansvar og ikkje berre skulen sitt ansvar å lære ungdommar dette?
I dag har ni av ti i Noreg tilgang til Internett heime[3] , så det digitale skiljet går ikkje lenger mellom dei som har pc og tilgang til Internett og dei som ikkje har dette. No handlar det digitale skiljet om kva informasjonskompetanse ein har. Vi meiner at foreldre har eit viktig ansvar for å oppdra barna sine også på dette området. Frå skulen si side er det forventa at elevane skal ha tilgang til både pc og Internett heime. Her i bygda skal til dømes all informasjon til heimane gå via Fronter, og elevane skal også bruke Fronter til å levere skulearbeid. Dette er noko elevane lærer på skulen, og det er vel kanskje heller slik at elevane lærer opp foreldra på dette området enn omvendt. I tillegg til å bruke pc-ane heime til skulearbeid, brukar barn og unge mykje tid på spel og sosiale medium. Sosiale medium er ein arena der det er viktig å bruke digital dømmekraft, og her meiner vi foreldra har ei svært sentral rolle. Digitial mobbing er dessverre noko som mange barn og unge har opplevd, og i følgje Medietilsynet sin rapport frå 2012[4] har 15 % av barn og unge mellom 9 og 15 år opplevd mobbing via nett eller mobil det siste året. Gutar mobbar meir enn jenter også på nettet, og det er fleire eldre enn yngre som har lagt ut ting på nettet som dei angrar på. Til skilnad frå mobbing som skjer i røyndomen er dette ein type mobbing som kan vere synleg for mange og som kan bli ligggjande på nettet i lang tid.
I den vidaregåande skulen har alle elevar sin eigen pc som i skuletida skal brukast til faglege aktivitetar, men dette er nok ikkje alltid tilfelle. På NDLA blir det vist til ei undersøking der 1784 elevar i vidaregåande skular deltok[5] . Denne undersøkinga viste at mange av elevane blei avspora frå det faglege arbeidet fordi dei brukte tid på sosiale medium og dataspel i timane. Det viste seg at det var elevane med lavast karakter som lettast let seg avspore, medan elevar med høgare karakterar i større grad klarte å halde seg til det faglege arbeidet. Vi kjenner godt igjen dette mønsteret blant elevane som slit med det faglege. Dei har lett for å koble ut og bruke tida på underhaldning på nettet i staden for å jobbe med faglege ting. På same sida på NDLA blir det også vist til eit tilsvarande resultat blant ungdomsskuleelevar: det er ein klar samanheng mellom gode karakterar og høg digital kompetanse. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen uttalte i ein interpellasjon i Stortinget 21.11 at ho meiner at digitale verktøy er avgjerande for å ruste dagens elevar for framtida[6] . Ho la også vekt på at IKT, når det blir brukt på ein fagleg måte, er viktig for å motvirke nye digitale skiller. Skulen har altså ei svært viktig rolle både når det gjeld å utjamne digitale skiller som er oppstått og å hindre at nye oppstår.
Gjennom læreplanane er vi som lærarar forplikta til gjere elevane digitalt kompetente. Vi meiner at heim og skule må samarbeide til det beste for elevane slik at dei kan tileigne seg den digitale kompetansen dei treng for å meistre framtidige utfordringar.
Her er ein ein video der Rune Krumsvik,professor i pedagogikk ved UIB, tek opp temaet digitale skilje i skulen:

Krumsvik, Rune (2009). ”Ein ny digital didaktikk”, i Hildegun Otnes (red.). Å være digital i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget
Utdanningsdirektoratet: “Endring av betegnelsene på to grunnleggende ferdigheter“ http://www.udir.no/Lareplaner/Forsok-og-pagaende-arbeid/Gjennomgang-av-fem-fag/Endring-av-betegnelsene-pa-to-av-de-fem-grunnleggende-ferdighetene/, 23.11.2012
Informasjonssamfunnet, http://www.ssb.no/ikt/, 23.11,2012
Løvskar, Trude: Digitale skiller, http://ndla.no/nb/node/91434, 23.11.2012